No skal alle vassforsyningssystem registrerast

Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registrert hjå Mattilsynet. Dette gjeld og dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon, og lenke til registreringsskjemaet, finn du på mattilsynet.no

Registrer vassforsyningssystem


Registreringa kan du gjere enkelt frå mobiltelefonen

Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema til formålet. I skjemaet registrerer du kor vassforsyningssystemet er plassert ved å markere staden i eit kart. I tillegg må du svare på nokre få spørsmål.

 

Mange fordelar med å registrere vassforsyningssystemet

Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa til dei ulike vassforsyningssystema, kan vi bruke denne informasjonen i vårt arbeid. Ei slik oversikt vil til dømes vere viktig når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.  

 

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningssystem

I januar 2017 kom ei ny drikkevannsforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningssystem. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevannsforskriften § 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevannsforskriften § 3, bokstav k.

 


Har du spørsmål til registreringa?

Ta kontakt med sentralbordet til Mattilsynet, tlf 22 40 00 00, og spør om å få snakke med di lokale avdeling

Kontakt

Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet
22400000
@ Strandgata 7 Ørsta Mattilsynet