- Klargjer tømmer til grunneigarane

Skoging Vallabøen.png

Arbeidet med skredsikringa av Vallabøen går framover. Status per 1. juni er at skoginga er utført og tømmeret til grunneigarane er klargjort for henting i perioden 4.-25. juni. Komplett prosjekteringsgrunnlag vert levert i veke 23, for kontroll av NVE og NGI.

Totalentreprenør Aurstad held fram med å bygge anleggsveg, i tillegg til å førebu grunnen for bygging av sjølve sikringsvollen. 
 

 Artikkel: Signering av avtale

 

Meir info om henting av tømmer:

Frå og med måndag 4.juni, kan grunneigar starte med å hente ut tømmer frå sin teig. Tømmeret til respektive grunneier ligg merka på høgre side. Vi ønskjer at alle grunneigarar har fjerna det dei ønskjer innan søndag 25.juni. Alt tømmer etter denne dato blir fjerna av tiltakshaver for å klargjøre for vidare anleggsdrift.

Hogstmann Lars B. Mauset frå Skogkompanitet er tilgjengeleg for eventuelle spørsmål (tlf 90534525) rundt tømmer for den respektive teig. 

 

HMS: 

Dette er i utkanten av eit anleggsområde. Ingen har lov til å bevege seg vidare innover. Hald avstand til alle maskiner som er i rørsle forbi hentingsarealet og sørg for at maskinfører ser deg. Areal for henting blir klargjort slik at dere kommer til med bil og henger. Vennligst bruk adkomst fra Fonnavegen, då Storebakken er stengt ved Olavsgata. Arealet for avhenting er på kommunen sin teig heilt aust i anleggsområdet. All handtering av tømmer er på eige ansvar. 

Om transport skjer med bilhengar er det lov til å kappe opp stokkane i transportlengder, men all vedkløyving må skje på eigen eigedom.