Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Fylkesmannen informerar – oppstart i overføringa av Bjørke

Den 2.juli i år vedtok Kommunal- og moderniseringsdepartementet at Bjørke krins skal grensejusterast til Nye Volda frå 01.01.2020. Datoen 24. august 2018 markerar starten på dette arbeidet. Fylkesmannen kalla inn kommunane Ørsta, Volda og Hornindal til felles oppstartsmøte på Ørsta rådhus, som start på prosessen med setje i verk vedtaket.

Fylkesmannen informerte om kommunane si rolle i prosessen, som omhandlar å kome til einigheit om rammene rundt overføringa. Fylkesmannen vil ha ein rådgjevande rolle, og ev. vere meklar i saker som krevjer dette. 
 
Kommunane var einige om å gå saman i ei arbeidsgruppe for å ta fatt på oppgåva med overføringa, og vil dei neste månadane ha jamlege møter.
 
Ørsta kommune varsla i møtet med fylkesmannen at kommunen vil fremje erstatningskrav på tapte inntekter, som følgje av vedtaket om grensejustering.