AKTUELT NO:

Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Endre fakturaintervall for kommunale avgifter og eigedomsskatt

Klikk for stort bileteFoto: Steve Buissinne / Pixabay  

Frå og med 2021 kjem kommunale avgifter og eigedomsskatt på same faktura. No kan du sjølv velje kor ofte, eller kor sjeldan, du skal motta faktura i løpet av året.

Ørsta kommune sender normalt ut faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt fire gongar i året til dei som skal betale eit samla årleg beløp på over 6000 kr. Dei som har eit lågare årleg beløp vil normalt få faktura berre ein eller to gongar i året.

Dersom du ønskjer å endre kor ofte du får faktura for kommunale avgifter og eigedomsskatt kan du melde inn dette via digitalt skjema.

Endre fakturaintervall for kommunale avgifter og eigedomsskatt

 

Kva valalternativ har du?

  • Dei som betalar eit samla årleg beløp på 3001 kr eller meir kan velje å motta faktura 1, 2, 4, 6, eller 12 gongar i året.
  • Dei som betalar eit samla årleg beløp frå 2001 – 3000 kr kan velje å motta faktura 1, 2, 4, eller 6 gongar i året.
  • Dei som betalar eit samla årleg beløp frå 1001 – 2000 kr kan velje å motta faktura 1, 2, eller 4 gongar i året.
  • Dei som betalar eit samla årleg beløp frå 501 – 1000 kr kan velje å motta faktura 1 eller 2 gongar i året.
  • Dei som betalar eit samla årleg beløp frå 1 – 500 kr mottek faktura 1 gong i året.

Månadleg faktura og faktura kvar andre månad føreset at du har avtale om avtalegiro eller e-faktura i nettbanken din med Ørsta kommune.

Endringa vil ikkje ha verknad på allereie utsende eller produserte fakturaer, men vil først verte gjort gjeldande frå neste kvartal.

Følg oss