Ørsta - hjartet av Sunnmørsalpane

Janne Dagfinnrud

Turistinformasjon og kva som skjer i Ørsta og Volda finn du på:

OrstaVolda.no fjordnorway.com

Sunnmørsalpane

Majestetiske tindar og alpine fjellformasjonar skil Sunnmørsalpane frå andre fjellområder. Fjella stuper loddrett i fjorden frå 1500–1600 meters høgde. Sunnmørsalpane strekkjer seg frå Nordfjord i sør til Storfjorden i nord. Området rundt Hjørundfjorden i Ørsta kommune er omtalt som sjølve hjartet av sunnmørsalpane, som er godt eigna til fantastiske naturopplevingar sommar som vinter, frå tare til tind. Her er eit godt utbygd fotrutenett med turmål i alle vanskegrader frå familieturmål til høge tindar.  

Turistforeininga (DNT) har to hytter i området; Patchellhytta og Kolåstindhytta.

Vakre turar i kommunen vår

 


Ørsta kommune

Ei av dei største landbrukskommunene i Møre og Romsdal, og jordbruk er ei viktig næring. Likevel er Ørsta framfor alt ei industrikommune med eit breitt og variert industrimiljø, hovudsakleg med møbel-, metallforedlings- og næringsmiddelindustri med til dømes meieri og fiskeindustri.

Innbyggjartalet er knapt 10 929 (SSB 2022), og av desse bur om lag 6 500 i kommunesenteret. Ørsta er ein aktiv kulturkommune med meir enn 350 lag og foreiningar. 

Ørsta har gode kommunikasjonar. Ørsta/Volda Lufthamn Hovden har daglege flysamband med Bergen og Oslo. På Rystelandet er det djupvasskai. Ørsta er trafikknutepunkt for kyststamveg E39 og FV655.

Ørsta sentrum

Ørsta sentrum, ein typisk norsk bygdeby, også kalla den kvite byen, er industristad og ligg omkransa av dei vakre Sunnmørsalpane inst i Ørstafjorden på Sunnmøre. Sentrum har alt du treng. Vikegata, Ørsta si handlegate med sitjegrupper og sosiale møteplassar. To kjøpesenter; Ørsta Torg og Alti, har meir enn 60 butikkar, kaféar og serveringsstader. Om sommaren opnar kafear og restaurantar for uteservering, og byr på eit urbant miljø og eit yrande folkeliv. Her ligg kunst- og kulturkafèen Fru Svendsen, Tik Café&Restaurant, Stødt Bar&Scene, Hotell Ivar Aasen og Ørsta kunstgalleri. Der er det – i tillegg til aktuelle utstillingar - permanent utstilling av bilete av den verdskjende kunstnaren Olav Strømme, som kom frå Ørsta.

Ørsta har kunstgrasbane, fotball- og friidrettsstadion, symjehall, aktivitetspark med pump track-bane og fleirbrukshallen Ørstahallen.  Her er kulturhus med moderne kino og godt kulturtilbod. Ungdomane har sin eigen tilhaldsstad med mange aktivitetar i Kaihuset.

Ørsta Hamnepark med strandpromenade mot sjøsida, tilknytt Tussaparken som er ein flott aktivitetspark og med samanhengande gangveg til Ørsta småbåthamn og langs Vikelva. Småbåthamna er ei perle av dei sjeldne. Ho vart i 2002 kåra til ei av dei beste småbåthamnene i landet.

Tussaparken finn du rett ved Alti, nært sjøen og småbåthamna.

 

Spasere rett ut i naturen

Eit særpreg for Ørsta sentrum er at du kan «spasere» rett ut i naturen. Til flotte utsiktspunkt som Saudehornet, Vallahornet, Brekkeheida eller Osokla, til skogsturar langs elvebreidder, til laksefiske, til bær- og soppturar, til fjelldalar som Skorgedalen, Nupadalen eller Longedalen.