Send oss brev og dokument som eDialog

eDialog - banner.jpg - Klikk for stort bilete Bjerkreim kommune

Ørsta kommune har teke i bruk eDialog. Med den kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk sjølv om dei inneheld sensitiv informasjon.

Ved å nytte tenesta eDialog, kan du sende Ørsta kommune dokument via ein sikker kanal. Mange sender oss e-post i dag. Det kan vere ein usikker kanal fordi e-posten kan verte hacka, stoppa i spamfilter eller at saksbehandlaren du sender til, kan vere vekk over lang tid. Vi anbefaler deg difor å bruke eDialog ved sending av dokument til kommunen, også når innhaldet ikkje er sensitivt.

ID-porten

Her finn du eDialog for Ørsta kommune.
For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m.). Når du har logga inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumentet du vil sende oss. Merk at dokumenta du lastar opp må være i pdf-format.

Slik fyller du ut skjemaet

  • Vel om du er privatperson/innbyggjar eller om du representerer ei verksemd
  • Obligatoriske felt er merka med *
  • I tittelfeltet er det fint om du skriv inn saksnummeret ditt om du sender noko i samband med ei sak som allereie er starta, for eksempel 2017/1019
  • Gi ei god skildring av sendinga. Om du sender med vedlegg, vert det du skriv i kommentarfeltet lagt inn som vedlegg til sendinga di i sak- og arkivsystemet vårt 
  • Når du klikkar på «Send forsendelse», vert brevet ditt kryptert og sendt direkte inn i sak- og arkivsystemet
  • Du får kvittering på sending med referansenummer på e-post

Du skal ikkje nytte eDialog:

Du skal ikkje bruke eDialog om Ørsta kommune har elektroniske skjema til formålet, for eksempel søknad om plass i barnehage, SFO og kulturskole, søknad på stilling osv. Alle skjema vi har, finn du under Sjølvbetjening på heimesida vår.

Fordelane med Edialog er fleire:

  • Det viktigaste er sjølvsagt at dette er ein sikker kanal
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Det som vert sendt inn via Edialog kan hentast inn i sak/arkivsystemet
Sist endra 02.06.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering