Å sykle til jobben bidreg til betre folkehelse!

Klikk for stort bileteOffisielt materiell
24. april starta Sykle til jobben aksjonen for 46. året på rad. Aksjonen er meir aktuell enn nokon gong. I 2018 var helseutgiftene i Norge på heile 360 mrd. kroner, ein vekst på 4,2% samanlikna med 2017 . 

- Å starte dagen med å gå, springe, skate eller sykle til jobben/skule/aktivitetar har både ein førebyggjande og helsefremjande effekt. Samtidig bidreg du til eit reelt miljøløft og enklare trafikkavvikling i bybildet. I tillegg kan du risikere å bli i godt humør, seier Lotte Frost, prosjektledar for Sykle til jobben.

Påmelding

Samferdselsministeren og Klima- og miljøministeren markerte opninga av aksjonen 24. april

Samferdselsminister Jon Georg Dale og Klima- og Miljøminister Ola Elvestuen starta dagen aktivt i går. 
- Det var fantastisk å få med to statsråder til å markere denne dagen. Det synliggjer viktigheita av aksjonen som skal få flere til å velge en aktiv reisevei og mer aktivitet i hverdagen fortsetter Frost.

Helseeffekten er enorm

Syklar du til og frå jobben, kan du redusere generell dødsrisiko med 41 prosent, forekomst av kreft med 45 prosent og hjertesjukdom med 46 prosent, viser ein stor og anerkjent studie . Aksjonen Sykle til jobben kan vere den lille motivasjonen folk treng for å komme i gong, både med ein aktiv reisevei og ein meir aktiv kvardag. 

All aktivitet kan registrerast

I fjor deltok  42 000 deltakarar og i år vert det fleire. Deltakarane kan registrere absolutt all aktivitet og ein kan vinne premiar til både til seg sjølv og laget. Det er fokus på bærekraftige kortreiste premiar og opplevingar for laget. Kampanjen er for alle uansett alder, form og treningspreferanse. Også i år er det veldig mange kommunar som dekkjer deltakinga for sine innbyggjarar. 105 kommuner gjer dette, og Ørsta kommune er ei av dei.

Sjå alle gratiskommunar her 


Bakgrunn:

Kva er Sykle til jobben-aksjonen?
Sykle til jobben er den største og eldste aktivitetskampanjen og vert arrangert av Norges Bedriftsidrettsforbund. Målet med aksjonen er å få fleire til å velge en aktiv reisevei til og frå jobb og ein meir aktiv livsstil generelt. Kampanjen er frå 24.april til 21. juni 2019. Få med deg venar, kollegaer, og bli med på aktivitetsboosten denne våren! Gje deg sjølv betre helse, betre humør og ein knallbra start på dagen. 

Aksjonen har dokumentert effekt 
•    50% seir at kampanjen har bidege til at dei har sykla meir.
•    47% seir at kampanjen har bidrege til at dei har latt bilen stå ein eller fleire gongar. 
•    86% ønske å delta neste år. 
•    Generelt aktivitetsnivå aukar frå 4,6 dagar før kampanjestart til 5 dager etter kampanjeperioda er avslutta. 
•    Det er helsegevinst og betre form som er dei viktigaste grunnane til å delta i Sykle til jobben.

Fann du det du lette etter?