Varsel om reguleringsarbeid: Detaljregulering for bustadfelt Barstadvik, gbnr. 90/59 mfl.

Kartutsnitt.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8, varslar Ørsta kommune med dette at det vert starta arbeid med offentleg reguleringsplan for bustadformål på Barstadvik. 

Planid: 2024001 2024. Varslingsområdet er vist med stipla strek på kartutsnittet. Ørsta kommune står som forslagsstillar og OSE AS står for planarbeidet.

Det aktuelle området ligg på gbnr. 90/59 mfl., og er på omlag 32 daa. Det vart halde førebuingsmøte med Ørsta kommune 18.03.2024. Formålet med planarbeidet er å regulere til:

  • Nye bustadar og eksisterande bustadar
  • Leikeareal
  • Gang- og sykkelveg
  • Forsamlingslokale og mogleg næring

Det er konkludert med at reguleringsplanen ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Orientering om saka kan ein få ved å vende seg til OSE AS tlf. 974 89 987 eller e-post: plan@oseing.no. Varslingsdokument for meir utfyllande informasjon ligg på nettsidene til Ørsta kommune og OSE AS under kunngjeringar.  

Det vert invitert til møte på Samhald den 24.04.2024 kl. 17.00; orientering om planprosess og dialog om arealbruk.

Den som har opplysningar av betyding for planarbeidet vert beden om å sende desse skriftleg til postmottak@orsta.kommune.no eller Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta innan 28.05.2024. Naboar/grunneigarar/partar/offentleg mynde vert varsla med brev.

Detaljregulering for Bustadfelt Barstadvik

Følg oss