Informasjon om planvedtak: Klima-, energi og klimatilpassing 2023–2033

Ørsta kommunestyre har i si sak 22/24, den 14.03.24 vedteke ny kommunedelplan for klima-, energi og klimatilpassing 2023–2033. 

Planen erstattar då kommunedelplan for klima og energi frå 2010.

Samandrag

Mål og verkemiddel i klimapolitikken vert stadig skjerpa. Noreg samarbeider med EU om å nå måla i Parisavtalen og har skjerpa eigne ambisjonar til 55 % reduksjon i direkte klimagassutslepp i ikkje kvotepliktig sektor innan 2030. Inndelinga i denne planen tek utgangspunkt i hovudpilarane i denne avtalen med EU. Ein av dei gjeld evna til opptak og lagring av karbon skog og anna arealbruk. Det nasjonale målet er lovfesta, saman med eit mål netto nullutslepp innan 2050. Det er såleis naturleg å lage ein plan som går fram til 2030, men tala vil då ikkje vere klare før i 2032. Deretter bør det lagast ein ny plan fram til reviderte delmål i 2040 og nullutsleppsmålet i 2050.

Kommunen har mange ulike roller i klimaarbeidet. Kommunen kan bidra gjennom å vere ein pådrivar/samfunnsutviklar, mynde, tenesteytar, innkjøper, eigar og drivar. Etablering av miljøleiing for eigen organisasjon er naudsynt for å i sikre at det vert arbeidd systematisk med klima i heile organisasjonen. Klimabudsjettet må integrerast i det ordinære budsjettet som eit styringsverktøy og kan då erstatte den tradisjonelle handlingsdelen av planen. Mange tiltak vil også krevje nærare utgreiingar, både av klimaeffekt, økonomiske og andre konsekvensar. Sertifisering som miljøfyrtårn vil også gje årlege tal på eigne direkte klimagassutslepp.

Dei indirekte utsleppa frå innkjøp av varer og tenester skal kuttast vesentleg, gjennom vekting og krav til klima ved innkjøp/anbod.

Gjennom arealplanlegging må behovet for bruk av bil reduserast gjennom fortetting og etablering av snarvegar, og erstatning av parkeringsareal i tettstadane med tilrettelegging for gåande og syklande. Ei mobilitetsanalyse vil vere eit viktig grunnlag for dette arbeidet og som grunnlag for ein bygdeavtale der kommunen samarbeider med fylkeskommunen og St vegvesen om tilrettelegging for kollektiv, sykkel og gange og ei arealutvikling som bidreg til nullvekst i bruken av personbilar.

Innan skog og annan arealbruk har evna til opptak og lagring av karbon gått ned. Målet framover vert å halde oppe naturen si evna til naturleg karbonfangst og lagring. Eit viktig grep vert å skjerme karbonrike areal, som myr og våtmark frå inngrep. Utanfor tettstadane er målet arealnøytralitet.

Framskriving i kapittel 4 syner at Ørsta vil vere omtrent sjølvforsynt med elektrisitet og varme. Men auka elektrifisering særleg innan transport vil krevje at vi erstattar dagens bruk av fossil energi med å i større grad utnytte lågverdi lokal fornybar energi til oppvarming. Som ein eigar av bygg og anlegg, vil kommunen gå føre og gjere LCA-analyser, krevje utsleppsfrie byggeplassar, leggje til rett for bruk av  lokal fornybar energi og nytte material med lågt klimaavtrykk. Dette vil også auka fokuset og drage lokalt næringslivet i ønska retning. Ved nybygg og rehabilitering skal energiforbruket reduserast utover krava, med standard som passivhus med sol-varme og lagring. Overfor private vil kommunen prøve å få til rimelege løysingar for energirådgjeving. 

Kommunestyret har alt vedteke at dei direkte utsleppa innanfor kommunen sine grenser skal ned med 60 % innan 2030. Nedgangen sidan 2009 har vore på ca 1,8 %. Skal vi nå dette målet må utsleppa gå ned med ca 2500 tonn årleg.  I kapittel 5  ser vi på kva som er mogleg å få til av reduksjon i direkte utslepp innan ulike sektorar og peikar ut sentrale strategiar. Det synes utfordrande å nå målet som kommunestyret har satt, og kommunen må ta i bruk omfattande grep og nytte alle sine roller. Lade- og fylleinfrastruktur, biogassanlegg, landstraum og arbeid med redusere matsvinn vert peika ut som viktige strategiar.

Arbeid med klimatilpassing må integrerast i kommunen sitt styringssystem gjennom å Måle, Rapporter og Evaluere, (MRE) for å redusere klimarisikoen og betre lokalsamfunnet si evne til å møte dei endringane i klima som vil kome vert systematisert. Det er også utarbeidd ei eiga analyse av klimasårbarheit.

Gjennomføring av innhaldet i planen er ein viktig del av kommunen si oppfølging av berekraftmåla, då særleg mål 13 om å stanse klimaendringane, men også mål 7 rein energi til alle, 11 berekraftige byar og lokalsamfunn, 12 ansvarleg forbruk og produksjon og 17 samarbeid for å nå måla.

 

Hovudmål 

Tabell frå planen, sjå planen for info. - Klikk for stort bileteTabell frå planen.

Planen peikar ut 6 hovudmål med tilhøyrande strategiar for å kommunen sitt arbeid innan både utsleppsreduksjonar, energibruk og tilpassing til eit venta endra klima.

 Hovudmåla er:

  • etablere miljøleiing og klimabudsjett,
  • redusere klimafotavtrykket frå innkjøp vesentleg,
  • redusere behov for fossil transport og ta veksten med miljøvennleg køyrtøy og tilrettelegging for sykkel og gange,
  • bevare evna til opptak og skjerme karbonrike areal, berekraftig arealbruk,
  • utnytte lokal fornybar energi, redusere energiforbruket i kommunale bygg med 15 %,
  • redusere direkte klimagassutslepp med 60 % i høve 2009 og
  • betre evne til å tole venta klimaendringar
     

Plan: Klima-, energi og klimatilpassing 2023–2033

Følg oss