2. gongs offentleg ettersyn: Områdeplan for B10 Fremre Mo, del 1

Ørsta formannskap har vedteke å legge framlegg til områdeplan for B10 Fremre Mo, del 1 ut til 2. gongs offentleg ettersyn.

Føremålet med områdeplanen er i samsvar med gjeldande overordna planverk og dei strategiane som har vore grunnlag for utarbeidinga av planen. Planframlegget legg mellom anna til rette for etablering av ei tomt for konsentrerte bueiningar, og 37 einebustadtomter. Endringar sidan førre gong planen låg ute på offentleg ettersyn er i hovudsak knytt til at tilkomstveg til øvre del av feltet er lagt om til Øvreskogen i samsvar med kommunestyret sitt vedtak i dessember 2022.

Plandokumenta elles er lagt ut på www.arealplaner.no i perioden 12.04. – 24.05.2024.

Merknader til framlegget kan sendast til postmottak@orsta.kommune.no, til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta, eller direkte frå arealplaner.no innan 24.05.2024 og merkast med saksnummer 19/10012, planid 2017002.

Generelle opplysningar: Merknader som kjem inn er kommunen sitt grunnlag for å endre planforslaget, og vert vurdert og lagt fram for politisk mynde saman med kommunedirektøren sine vurderingar av merknadane. Vi svarer difor ikkje på merknader enkeltvis.

Følg oss