Prosjekt draumebilete

Elise Stokke og Thea Valseth frå Ørsta Ungdomsråd orienterer Levekårsutvalet om arbeidet med Prosjekt Draumebilete.Elevar på 9. trinnet i Ørsta kommune har overlevert sine ønskjer og draumar for framtida til politikarane.

Onsdag 31. januar presenterte Ørsta ungdomsråd Prosjekt Draumebilete for politikarane i Levekårsutvalet. Draumebileta er ungdommane i Ørsta sine innspel til ny levekårsplan som er under utarbeiding, og ei melding til politikarar og andre i kommuneorganisasjonen om korleis det er å vere ungdom i Ørsta i dag, og korleis ungdomane skulle ønske at dei hadde det.
 

 Draumebilete

 

Ungdomsskulane sitt draumebilete

Vartdal ungdomskule sitt draumebilete er at ingen har dårleg sjølvtillit, at alle har nokon å vere med, og at ein har gode utemiljø. På Sæbø ungdomskule er draumebiletet at alle har det bra og har nokon å vere saman med i friminutta, fleire møteplassar, og at det også finst tilbod for dei som er motorinteresserte. Ved Ørsta ungdomskule er mobbing på Snap og sosiale media ikkje ein del av draumebiletet. Det er heller ikkje baksnakking og utestenging. Dei ønskjer også at det må verte slutt på kroppspress, og at ein har eit miljø der alle føler seg velkomne.

For å få det slik som i draumebileta må ungdommane både arbeide meir med seg sjølve og eigne haldningar, og stå opp for medelevar som vert utsette for ting. Fleire av draumebileta var opptekne av gode busstilbod, og tilhøva ved skulen.

 

Samarbeidsprosjekt

Prosjekt Draumebiletet har vorte til etter eit samarbeid mellom Ørsta Ungdomsråd,  folkehelsekoordinator og planleggar i Ørsta kommune. Prosjektet er ein del av Nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse, i regi av Helsedirektoratet og under leiing av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Følg oss