Heimeteneste / HBO

Klikk for stort bilete Heimebasert omsorg yter lovpålagte helsetenester i heimen til brukarane 24 timar i døgnet. Målet er at den einskilde skal få bu i eigen heim så lenge det er mogleg.

Vi har brei kompetanse med sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Vi har kreftkoordinator, demensteam og kvardagsrehabiliteringsteam. Vi utfører også førebyggande heimebesøk, og vi gir tilbod om praktisk bistand (heimehjelp).

Vi arbeider tverrfaglig med legetenesta, sjukeheimen, tildelingskontoret, Tenesta for psykisk helse og rus. Vi har også samarbeid med tannhelsetenesta og kjøkkenet (matombringing).

Prisar

Hjelpemiddel

Heimetenestene i Ørsta

Heimeteneste Ørsta sentrum

Adresse: Grepalivegen 2A, 3 etg
Tlf: 70048850
Besøkstid: 0800 - 1600 på kvardagar.


Vi er delt inn geografisk i to soner; aust og vest:

HBO aust dekkjer området Vallabøen, Sentrum aust, Mosmarka, Mo, Åmdal og Follestaddal.
Einingsleiar Laila Bjørkedal

HBO vest dekkjer Grepalia, Sentrum vest, Hovdebygda, Rystefeltet, Sørheim/Steinnes, samt Sætre  mot Liadal.
Einingsleiar Elin Ose Velle

 

Heimeteneste Vartdal

Vartdal helsetun har sjukeheim, bufellesskap, trygdebustadar og base for HBO i same bygg
Sone Vartdal HBO er frå Rjånes til Store-Standal.

Heimeteneste Sæbø

Heimesjukepleie/heimetenestene er integrert i Hjørundfjordheimen.

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Heimebasert omsorg HBO-sentrum
70048850
Laila Bjørkedal Leiar sone aust
70048850
@ Laila Bjørkedal
Elin Ose Velle Leiar sone vest
70048850
@ Elin Ose Velle
Heimebasert omsorg HBO-Vartdal
70045000
Kirsti Hånes Vartdal Einingsleiar Vartdal helsetun
70045000
@ Kirsti Hånes Vartdal
Heimebasert omsorg HBO-Sæbø
70045750
Ingunn Flo Einingsleiar Hjørundfjordheimen
70045760
@ Ingunn Flo

Nyhende