Veke 17: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 19.04.22 – 26.04.22

 

  • 17:12 Tysdag ettermiddag rykte ØBR ut til trafikkulukke på Rjåneset. På staden kom det fram at det var einsleg bil i glidekanten. Brannmannskapet sperra området for trafikk og sikra skadestaden.
  • 17:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1, 2 og brannkonstablane på Sæbø på Varmt røykdykk. Etter forskriftene skal alle røykfykkarar minst ha eit varmt røykdykk pr. år. I Ørsta vert dette gjennomført på øvingsanlegget i Hovdebygda. Der vert det først varmepåkjenning i overtenningskonteinaren før ein søkjer etter dukker i søkshuset. Begge stadar med reel brannrøyk.
  • 14:27 Torsdag ettermiddag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Volda Ørsta Reinhaldsverk. På veg ut kom det fram at alarmen skuldast støv frå sorteringsmaskin. Ingen brann.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag kveld øvde brannkonstablane på Vartdal på røykdykking oig vassføring. Brannmannskapet øvde på søk etter sakna i Barstadvik skule. Når ein ikkje har synet å gå etter må ein bruke armar og bein for å søke gjennom lokalet for å finne dei sakna. I tilegg var det øvd på pumpekøyring med vassføring frå elva.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelege faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.
  • 11:45 Søndag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Vartdal kyrkje. Brannmannskapet søkte gjennom heile bygget. Ingen brann.
  • 16:22 Måndag rykte ØBR ut til bilbrann i Eiksundsambandet. På staden kom det fram at bileigar hadde klart å sløkt brannen med brannslokkar i tunellen om fått kjøretøyet ut. Tunellviftene ventilerte røyken ut.