Veke 13: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 22.03.22 – 29.03.22

  • 18:09 Onsdag kveld øvde ØBR på Dalevegen 32 i Ørsta. Det er mange større bygg i kommunen som brannvesenet har ein stor fordel av å gjere seg kjendt med og samøve med dei tilsette på. Ved ei reel hending vil ein storfordel av å kjenne bygget litt og kva rutiner og bruk bygget har. Godt gjennomført øving med realistiske moment. Brannmannskape søkte i øvelserøyk etter 4 sakna og henta ned 4 frå altan med stigebil. ‘
  • 13:37 Torsdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå Vartdal Skule. På staden kom det fram at alarmen skuldast matlaging. Brannvesenet bistod med utlufting og tilbakestilling av alarmen. Ved alarmar på større bygg med stor fare for tap av mange liv går alarmen på bygget direkte til brannvesenet. Dette gjer at sjølv om det er steikeos frå matlaging eller damp med kjend utløysar rykker brannvesenet ut før det vert avklart.
  • 13:58 Fredag rykte ØBR ut til trafikkulukke i Ørsta sentrum. Ein lastebil hadde køyrt bort i ein person. Person vart tatt hand om av ambulansen.
  • 07:42 Tysdag morgon rykte ØBR ut til trafikkulukke på Rotaneset ved Barstadvika. Ein Lastebil hadde hamna utanfor vegen på sjøsida av E39. Ein person i lastebilen hadde komt seg ut sjølv. Brannmannskapet ivaretok personen til ambulansen kom på staden, sikra køyretøyet mot brann og dirigerte trafikk.