Veke 34: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 17.08.21 – 24.08.21

  • 21:20 Onsdag kveld rykte ØBR ut til diesellellakse på Haugegjerdet i Ørsta. Brannmannskapet kontrollerte. Miminal lekkasje. Eigar av antageleg utsleppskjelde kontakta.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil det samlast ein del røyk i bygget og gjere det vanskeleg å ta seg fram inne, samt vere skadeleg for dei som er i bygget.. Samtidig vil brannrøyken kunne nå ei tettheit og ein temperatur som gjer at den sjølvantenner og skapar ei eksplosiv utvikling ved å tilføre oksygen. Ved brann har vi derfor fokus på å ventilere ut røyken på ein forsvarleg måte, slik at ein forbetrar arbeidsmiljøet for brannvesenet og samtidig ikkje gjer at brannen eskalerar.
  • Fredag rykte ØBR ut til alarm som gjekk og huseigar ikkje fann ut av. Brannmannskapet bistod med kontroll og tilbakestilling.