Veke 21: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 18.05.21 – 25.05.21

12:48 Onsdag ettermiddag rykte ØBR ut til Automatisk brannalarm frå Hovdebygda skule. Framme på staden kom det fram at ein manuell meldar var inntrykt. Brannvesenet kontrollerte bygget medan dei tilsette på skule fekk kontroll på alle tilsette og elevar. Ingen brann.

18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 3 og 4 på tauredning og sikring. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på slangeutlegg og søksteknikk. Ved søk i røykfylt miljø har teknikk mykje å seie for å gjere eit raskt og effektivt søk, samtidig som ein er sikker på å ha søkt heile arealet. For å gjere det følgjer ein veggen og søkjer innover i rommet med føter og hender. I ein reel situasjon brukar ein også varmsøkjande kamera som gjer det mogleg å sjø gjennom røyken. Under tørrtrening brukar vi ikkje dette.

12:56 Laurdag ettermiddag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon.  Alarmen skuldast røyk frå matlaging. Brannvesenet kontrollerte og tilbakestilte alarmen.