Veke 20: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 11.05.21 – 18.05.21

14:00 - 16:00 Tysdag hadde brannkonstablane på Øye branndepot sambandsøving. Brannkonstablane, særskildt på bygdene, er som regel først på staden på alle hendingar. Det dei ser og får med seg ver derfor esensielt for den vidare innsatsen. At dei er gode på samband og få informasjon raskt ut til alle naudetatane for at ein skal få ut nok ressursar og rett ressursar stå tidleg som mulig er svært viktig. For å gjere dette må brannkonstablane ha oversikt over kva kanalar som er viktig til kva hendingstype, korleis dei strukturerar meldingane for å gjere seg forstått og skape felles situasjonsforståing, samt kva muligheiter ein har til å sende og motta informasjon.

16:00 - 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på slangeutlegg og søksteknikk. Ved søk i røykfylt miljø har teknikk mykje å seie for å gjere eit raskt og effektivt søk, samtidig som ein er sikker på å ha søkt heile arealet. For å gjere det følgjer ein veggen og søkjer innover i rommet med føter og hender. I ein reel situasjon brukar ein også varmsøkjande kamera som gjer det mogleg å sjø gjennom røyken. Under tørrtrening brukar vi ikkje dette.

18:00 - 19:00 Laurdag gjennomførte brannkonstablane på Vartdal spyling av plass før 17.mai. Samtidig øvde dei på hydrantar og kummar.

12:15 Måndag var brannkonstablane på Sæbø med på 17. mai-toget på Sæbø.

14:30 - 16:00 Måndag var brannkonstablane i Ørsta saman med Bjørnis med i 17.mai-toget som gjekk Melsbygda – Høgebrua – Dalevegen – Mosmarkvegen – Prestebrauta – Bakkola – Indrehovdevegen - Åsentunet. Dette var også streama på kommunen sine heimesider. Opptaket kan du sjå på Ørsta kommune sin facebookside.