Veke 10: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 02.03.21 – 09.03.21

22:09 Tirsdag kveld rykte ØBR ut til trafikkulukke på Festøya. Framme på staden viste det seg å vere ein personbil som hadde kollidert med ein lastebil. Lastebilen var lasta med gassflasker. Brannvesenet sjekka ut at det ikkje var farleg for arbeidet på staden. Brannmannskapet sikra skadestaden og frigjorde dei to involverte. Dei involverte vart frakta til sjukehus. Etter dette bisto brannvesenet med tømming av lastebilen for å få den på hjul og opning av vegen att. Arbeidet gjekk gjennom natta og fram til morgonen.

18:00 – 20:00 Onsdag øvde ØBR saman med VØR på brann i miljøstasjonen på anlegget i Hovdebygda. Senarioet var brann i elektrisk truck med ein savna. Røykdykkarane fann den sakna og starta sløkking av brannen. Etter ei stund kom det fram at det var ein innleigd arbeidar som var sakna. Eit realistisk senario der ein har leigd inn eks. ein elektrikar for å skifte eit lys og den personen vert gløymd når ein tek opptellinga. Røykdykkarane søkjer vidare og finn vedkomande. Brannen vert sløkt. Alt i alt ei matnyttig og god øving for alle involverte.

16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på farleg stoff. Ved hendingar med farlege stoff er det brannmannskapet som rykker ut for å ta hand om det. På Sunnmøre har vi eit samarbeid med alle brannvesena. På Søre Sunnmøre er det Ørsta og Herøy som har utstyr og kjemikaliedykkarar. Vi rykker då ut til nabo kommunane ved behov. Det er i den forbindelse ein del verneutstyr og tettingsutstyr ein må ha kontroll på.