Norangsdalen – Hjørundfjorden har fått status som utvald kulturlandskap i jordbruket

Vilde Moltudal Igland

Området Norangsdalen - Hjørundfjorden har fått status som utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL), dette skriv fylkesmannen på sine heimesider. Dette betyr mellom anna at området i åra framover vil få statlege midlar for å ta vare på og formidle verdiane i kulturlandskapet.


Møte torsdag 28. juni

I samband med utpeikinga av UKL-område har Ørsta kommune v/landbrukskontoret kalla inn representantar for lag og organisasjonar i området til møte torsdag 28. juni kl 15.00 på Ørsta rådhus.

UKL-sekretariatet frå fylkesmannen og fylkeskommunen i Møre og Romsdal vert med på møtet. Etter ferien vil det verte arrangert ope folkemøte/oppstartmøte. Dato er ikkje bestemt enno.

 

Beskriving av vårt nye utvalde kulturlandskap

Fylkesmannen har skrive følgande om UKL-området vårt på sine heimesider:

"Norangsdalen – Hjørundfjorden er mellom dei mest særmerkte og storslagne dal- og fjordlandskap i landet. Her har isen gjennom lange tider fått utforme fjorden, dalen og dei høge, stupbratte Sunnmørsalpane. Historia til området er nært knytt til naturen og naturkreftene, og her har ikkje folk hatt stor valfridom, når det gjeld krav til kvar dei skulle slå seg til mellom fjord og fjell.

Kulturlandskapet er prega av kulturmarker og lier med varmekjær lauvskog. Her finst fleire fornminneområde og spor etter ulike drifts- og dyrkingsformer. Området har også eit høgt tal verneverdige bygningar frå fleire tidsepokar. Kombinasjonen av lang historie, vill natur, levande bygder og eit aktivt landbruk gjer at området står fram som eit komplett og udelt kulturlandskap med ein ovleg høg verdi".


Les meir:



 

Følg oss