Klipp hekken

Våren er i kjømda. Her kjem difor ei påminning om å klippe hekken og sørge for god sikt ved vegkryss og tilkomst. 

Det er du som bur langs vegen som er ansvarleg for å halde nede hekk og busker på din eigedom slik at det er god sikt ved vegkryss og ved tilkomst. Mange må også krysse gang- og sykkelveg for å kjøre ut på bilvegen. Da er det spesielt viktig at hekkar, trer eller gjerde ikkje hindrar sikta, slik at du oppdagar andre trafikantar i tide til å stoppe.


Klipp hekken: Rettleiar Statens vegvesen

Klipp hekken: Foldar Ørsta kommune

Følg oss