Veke 8: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 16.02.2021 – 23.02.2021

18:00 – 20:00 Onsdag øvde ØBR vaktlag 2 og 3 på overflateredning på is i holmane. Det vart mellom anna øvd på sjølvredning og redning av person som hadde gått gjennom isen. Ved personar i vatn rykker ØBR ut. I Ørsta har vi mange elvar og ei lang kystline. Det gjer at vi må kunne litt om alt for å vere skodd for dei ulike situasjonane.

16:00-17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Under trafikkulukke er det mange ulike situasjonar ein kan kome ut for, og det er ofte kritisk å få dei forulukka fri så raskt som råd. Brannvesenet er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannmannskapet går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.