Veke 40: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 01.10.2019 – 08.10.2019

20:27 Onsdag rykte Ørsta brann og redning ut til vårfjøs på Øvre Mo. Framme på staden viste det seg å vere eit bål inne i ein vårfjøs. Bålet vart sløkt og fjøsen kontrollert med varmekamera. 

15:07 Torsdag rykte Ørsta brann og redning ut til forureining i Hovdebygda. Lekkasje av hydraulikkolje. Brannmannskapet la på bark og spon for å ta opp oljen. 

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på brann i gårdsbruk og bruk av stige. Ørsta er ei relativt stor landbrukskommune, der 16% av innbyggjarar bur på landbrukseigedom og 150 av desse har dyrehald. Landbruksbygningar er høgde, torre og inneheld gjerne ein del brannenergi. Brann i landbruksbygningar utviklar ofte seg svært raskt og kan verte svært komplekse. Det er derfor viktig at vi med gjevne mellomrom øver på faremoment knytt til slike brannar.

21:37 Fredag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke mellom Selbervika og Sørheim. Det var ein einsleg bil av vegen med tre personar i. Framme på staden kom det fram at bilen hadde mindre skader og personane i bilen vart undersøkt av helsepersonell. Brannmannskapet rydda opp på staden.

12:58 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke mellom Festøya og Barstadvika. Ein bil utfor vegen og i lyktestolpe. Ein person i bil undersøkt av helsepersonell.

18:39 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Kiwihallen. Fram på staden viste det seg at ein person hadde trykt inn brannalarmen utan at det var ein reel brann. Ved å gjere dette risikerer ein at brannvesenet ver forsinka til andre reelle hendingar fordi dei må sjekke ut dette først. 

Feiaren har denne veka fresa skorsteinar. Om ein fyrer med våt ved og/eller lite trekk kan det føre til beksot som ikkje kan fjernast med feiing. Det må fresast.