Veke 4: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 24.01.23 – 31.01.23

  • 20:59 Onsdag kveld rykte vaktlag 4 ut til observasjon av mulig brann i området Mosmarka/Daleteigane. Innringar hadde observert det frå Rystefeltet. Brannkonstablane søkte gjennom området utan teikn til noko.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde dei tilsette på Hotell Union Øye, saman med 110-sentralen, brannkonstablane ved Øye branndepot og Sæbø brannstasjon. Senarioet var på brann i bosrommet på Hotellet. To bebuarar hadde på headsett og høyrde ikkje alarmen, medan to andre var orsak til brannen og låg bevistlause i kjellaren. Dei hotelltilsette fekk evakuert og fått oversikt før brannvesenet kom og iverksette søk etter sakna og slokking av brann. Ei viktig og god øving for alle involverte.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på samband og kommunikasjon. Brannvesenet nyttar radiosamband ved alle hendingar. For intern kommunikasjon, kommunikasjon til/frå 110-sentralen og til kommunikasjon med ambulansen, politiet eller andre instansar. Ved hendingar er tid ofte kritisk, då er det viktig at informasjonen kjem raskt og forståeleg ut, slik at ein får ut dei rette resursane så raskt som mogleg.
Bilder viser to brannmenn i fult utstyr i eit røyklagt lokale. - Klikk for stort bileteBrannøving på Øye. Ørsta brann og redning