Veke 39: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningsloggen 21.09.21 – 28.09.21

  • Denne veka har Bjørnis våre på besøk i alle barnehagane i kommunen. Borna kunne nummeret til brannvesenet og viste kva dei skulle gjere om det starta å brenne. Bjørnis delte også ut refleks til alle borna, slik at dei kan ferdast litt tryggare ute i mørke.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt bruk av hydrantar/kummar. Det finst mange typar hydrantar og kummar og det er ikkje kvar dag ein ser alle. Brannmannskapet er derfor av og til rundt og testar dei ulike typane som finst i Ørsta.
  • 17:48 Laurdag rykte ØBR ut til automatisk brannalarm frå institusjon. Framme på staden kom det fram at alarmen skuldast røyk frå pizzasteiking. Ingen brann. Brannvesenet bistod med tilbakestilling.
  • 18:19 Søndag rykte ØBR ut til akutt forureining ved Kaihuset i Ørsta. Innringar hadde sett det piple opp frå sjøen.  Når brannvesenet kom på staden hadde det gitt seg. Brannvesenet gjekk ei runde langs sjøen for å kontrollere. Ingen teikn til det. Antek det kjem frå overvassleidning frå vegen.

Bjørnis på besøk i Farkvamen barnehage Thomas Winther Leira  

Bjørnis på besøk i Sæbø barnehage Thomas Winther Leira