Veke 36: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – 03.09.2019 – 10.09.2019


14:30 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørstahallen. Framme på staden viste det seg å vere manuell meldar som var inntrykt av ein ball. Ingen brann.

11:30 – 13:30 Fredag hadde Ørsta brann og redning vakt på Ørstahallen i forbindelse med konsert med alle skuleelevane i Ørsta kommune.

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på bruk av ulike typar brann vassuttak. Mange forbind sikkert dette med den raude brannhydrant som står på bakken, men det finst fleire typar. Nokre er også plasser i kum og det finst fleire variantar av den bakkeståande. Det er viktig at vi gjevnleg går over desse, slik at vi har kontroll på korleis dei fungerar. 

17:14 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm. Framme på staden kom det fram at brødristar hadde teke fyr og utløyst alarmen. Brann sløkt og leilegheit utlufta. 

Laurdag kveld hadde Ørsta brann og redning brannvakt på Ørstahallen under arrangement. Arrangementet gjekk fint føre seg. Ingen brann.