Veke 30: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 30 - 23.07.2019 – 30.07.2019

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 3 på bruk av vifte og ventilering. Ved ein bygningsbrann vil bygget fyllast med røyk. Røyken inneheld branngassar og restar etter ufullstendig forbrenning og held høg temperatur. Brannmannskapet må då ha kunnskap opp korleis desse branngassane fungerar og korleis ein på best mulig måte kan få dei ut av bygget utan at dei sjølvantenner eller gjer meir skade. Dette er ein viktig del av brannslokkinga, samt for å betre sikt og arbeidsforholda til røykdykkaranne inne.

12:00 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til oljelekkasje på Lystad. Små mengder. 

01:38 natt til måndag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke på Liadal. Einsleg bil i midtrabatt. Brannmannskapet dirigerte trafikk og rydda området.

10:58 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut saman med ambulanse og politi til drukningsulukke. Ein person vart henta opp av elva og bekrefta omkomen.