Veke 24 - 29: Nytt frå brannvakta

 

Brann og redningslogg – Veke 24 til 29

 

Brann og redningslogg – Veke 24 – 11.06.2019 – 18.06.2019

16:00 – 18:00 Fredag øvde vaktlag 1 på trafikkulukke. I gjennomsnitt er kvar femte utrykking vi er på ei trafikkulukke. Denne typen hendingar kan vere svært krevande, alt frå utforkøyring til kollisjon med fastklemde personar. 

10:42 fredag førmiddag rykte mannskapet på Vartdal brannstasjon ut til trafikkulukke i Barstadvika. Einsleg bil i grøfta.

12:02 fredag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulukke med semitrailer i Rindane. Trailer hadde komt ut i grøfta og kollidert med nokre store stienar. Brannmannskapet sperra vegen og sikra skadestaden. Sjåfør vart køyrd til sjukehuset for sjekk.

18:44 måndag rykte Ørsta brann og redning ut til forrureining i sjøen. Forrureininga viste seg å vere lita og vanskeleg å ta opp. 
 

Brann og redningslogg – Veke 25 – 18.06.2019 – 25.06.2019

17:00 – 19:00 Torsdag øvde mannskapet på Bjørke branndepot på pumpekøyring og sløkketeknikk. Ved ein evt. brann på Bjørke vil vassforsyning og tidleg innsats vere essensielt. At mannskapet på Bjørke då er godt trente i pumpekøyring og sløkketeknikk er viktig for å avgrense skadane i startfasa av brannen.

16:00 – 18:00 Fredag øvde Ørsta brann og redning på trafikkulukke. I gjennomsnitt er kvar femte utrykking vi er på ei trafikkulukke.  Denne typen hendingar kan vere svært krevande, alt frå utforkøyring til kollisjon med fastklemte personar. 

18:00-20:00 Tysdag øvde brannmannskapet på Vartdal på trafikkulukke. Vartdal ligg ved E39 mellom Festøya og Ørsta, og er den strekninga i kommunen med flest trafikkulykker. Øvinga omfatta kollisjon og utforkøyring med to bilar involvert. 


Brann og redningslogg – Veke 26 – 25.06.2019 – 02.07.2019

16:00 – 18:00 Fredag hadde vaktlag 3 gjennomgang av bilar og utstyr. For alle brannkonstablar er det svært viktig å være sikker på kvar utstyret er og korleis det verkar nå det trengs. Alle vaktlaga går derfor gjennom bilar og utstyr kvar fredag når dei går på vakt. Vi har denne vakta ein ekstra grundig gjennomgang der utstyr vert starta og kontrollert.

12:41 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til bygningsbrann. Framme på staden viste det seg å vere eit bål. Bålet var sløkt før ankomst.

18:30 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke i Ørsta sentrum. Bil mot motorsykkel i Ørsta sentrum. Ein person sendt med ambulanse. Brannmannskap rydda opp og dirigert trafikk.

11:48 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule. Alarm skuldast støv frå sag. Ingen brann.

14:26 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke med motorsykkel i Hovdebygda. Brannmannskap rydda opp ei oljelekkasje.

09:57 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til CO2 lekkasje i Meieribygget.
 

Brann og redningslogg – Veke 27 – 02.07.2019 – 09.07.2019

12:10 Torsdag rykte Ørsta brann og redning ut for å bistå huseigar med vatn i kjellar. Kjellaren vart tømd for vatn og det vart starta restverdiredning. 

16:00 – 18:00 Fredag hadde vaktlag 4 gjennomgang av bilar og utstyr. For alle brannkonstablar er det svært viktig å være sikker på kvar utstyret er og korleis det verkar nå det trengs. Alle vaktlaga går derfor gjennom bilar og utstyr kvar fredag når dei går på vakt. Vi har denne vakta ein ekstra grundig gjennomgang der utstyr vert starta og kontrollert.
 

Brann og redningslogg – Veke 28 – 09.07.2019 – 16.07.2019

16:00 – 18:00 Fredag hadde vaktlag 1 gjennomgang av bilar og utstyr. For alle brannkonstablar er det svært viktig å være sikker på kvar utstyret er og korleis det verkar nå det trengs. Alle vaktlaga går derfor gjennom bilar og utstyr kvar fredag når dei går på vakt. Vi har denne vakta ein ekstra grundig gjennomgang der utstyr vert starta og kontrollert.

11:00 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til utløyst røykvarslar i to-mannsbustad på Øvre Mo. Huseigar var på ferie og svarte ikkje på telefon. Framme på staden fekk vi gjennom hjelpsom nabo kontakt med huseigar og tilgang til bustaden. Ingen brann.

15:00 Måndag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Kvitveisen barnehage. Barnehagen var sommar stengd. Brannmannskapet fekk tilgang og kontrollert bygget. Ingen brann.

23:14 Tysdag rykte Ørsta brann og redning ut til trafikkulykke i Hovdebakken(E39). Framme på staden viste det seg å vere einsleg bil i autovernet. Ingen personskader. Brannmannskapet sikra skadestaden, dirigerte trafikk, fikk bilen av vegen og rydda området.

 

Brann og redningslogg – Veke 29 – 16.07.2019 – 23.07.2019

16:00 – 18:00 Fredag hadde vaktlag 2 gjennomgang av bilar og utstyr. For alle brannkonstablar er det svært viktig å være sikker på kvar utstyret er og korleis det verkar nå det trengs. Alle vaktlaga går derfor gjennom bilar og utstyr kvar fredag når dei går på vakt. Vi har denne vakta ein ekstra grundig gjennomgang der utstyr vert starta og kontrollert.
17:45 Laurdag rykte Ørsta brann og redning ut til automatisk brannalarm frå Vartdal Helsetun. Teknisk feil. Ingen brann.