Veke 16: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 18.04.23 – 25.04.23

  • 18:00–20:00 Onsdag øvde vaktlag 2 og 4 på tauredning på klubben. Brannkonstablane skulle forankre seg, rappelere ned til den skadde og heise hen trygt ut på båre. I mange tilfelle kan det vere utfordrande tilkomst til ulykker brannvesenet reiser ut på, enten det er utforkøyring, fallulykker eller andre hendingar på stadar med lang tilkomstveg. For å kunne utføre arbeidsoppgåvene på ein trygg og tilfreddstillande måte må brannkonstablane kunne sikre seg og dei forulukka på ein god måte.
  • 21:37 Torsdag kveld gjekk det full alarm for bygningsbrann i Viketunet i Ørsta sentrum. På staden var ein forbipasserande i gang med slokking. Brannvesenet kontrollerte om brannen var sløkt og hjalp til med utlufting og opprydding.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelege faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.
Bildet viser to brannmenn som rapelerar ned ein fjellvegg.  - Klikk for stort bileteBilde frå tauøvinga. Ørsta brann og redning