Veke 13: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 28.03.23 – 04.04.23

  • 11:00 Tysdag rykte brannkonstablane på Vartdal ut til bensinlekkasje på drivstoffstasjon på Vartdal. Ein bil hadde lekt bensin over heile parkeringsplassen. Brannkonstablane la ut oljebark og fekk tatt opp bensinen.
  • 10:45 Onsdag førmiddag rykte vaktlag 2 ut til sotbrann i Follestaddalen. Brannkonstablar kontrollerte røykløpet og fann høge temperaturar i toppen av røykløpet, ca 500 grader. Stigebil med røykdykker på taket sendte ned kule for å opne opp plugg i toppen og starta slokking.  Det var til slutt spadd ut sot i botnen av røykløpet. Etter endt slokkeinnsats fikk huseigar fyringsforbod til feiar har fått kontrollert røykkanalen for sprekker og feil.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde ØBR Dronegruppe på søk av utilgjengeleg område/lang tur. Kvar pilot fekk konkret oppgåve dei skule utføre. Dei fleste av vore droneoppdrag dreier seg om å få oversikt over ein situasjon som er utilgjengeleg eller ein må sjå oppanfrå for å få oversikta over omfanget. Oljeutslepp, skogbrann, skred og liknande. Samtidig har vi oppdrag som søk etter sakna der droner kan relativt enkelt grovsøke større areal raskt.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på medmenneskelige faktorar. Brannkonstablane er ute på mange ulike akutte hendingar. Alt frå alvorlege trafikkulukker og drukning til reine helseoppdrag med hjertestans og psykiatri. Det er då viktig at brannkonstablane kjenner seg trygg og har nokon å prate med for å be arbeide eventuelle tankar ein sitt at med. Dette har vi faste rutiner for med defuse og debrief etter hendingar.