Førebels rekneskap 2023 for Ørsta kommune er no klart.

Førebels årsrekneskap viser ein bruk av disposisjonsfond på om lag kr 49,8 mill.

I tillegg til å dekke eit underskot på 45,3 mill., vert kr 2,6 mill. av disposisjonsfondet overført til investering for å dekke det tapte tilskotet frå NVE til skredsikringa på Vallabøen og kr 1,8 mill. til bundne driftsfond hovudsakleg for å dekke utgifter til sjølvkost. I tertialrapporten pr. 31.08.2023 tilsa prognosen ein bruk av disposisjonsfondet på kr 49,2 mill.

Maria Engeseth

Dei frie inntektene vart kr 30,8 mill. høgare enn justert budsjett. Av dette kjem kr 14,2 mill. av auka innbyggartilskot og statlege overføringar i samband med auka tal på flyktningar. I tillegg vart skatteinntektene kr 16,6 mill. høgare enn budsjettert.

Førebels årsrekneskap 2023 for Ørsta kommune viser eit negativt netto driftsresultat på kr 45,3 mill.

Dette utgjer -4,16 % av brutto driftsinntekter. Det tilrådde nivået er +1,75 %, og netto driftsresultat ligg med dette kr 64,3 mill. under tilrådd nivå.

Av kommunalområda hadde helse, omsorg og velferd det største meirforbruket med kr 36,9 mill. (11,0 %). I tertialrapporten pr. august 2023 viste prognosen eit meirforbruk på kr 37,3 mill. og årsakene til dette meirforbruket vart nærare omtala der. Totalt hadde tenesteområda i 2023 eit meirforbruk på kr 36,7 mill. (4,8 %).

Netto finansutgifter vart kr 0,6 mill. lågare enn budsjettert, hovudsakleg grunna høgare renteinntekter.

Fleire detaljar kjem i årsrekneskapen og årsmeldinga som vert lagt fram for politisk behandling seinare i år. Større eller mindre endringar kan kome i samband med ferdigstilling og revisjon av rekneskapen.

  

                Wenche Solheim                                           Jan Inge Bueide

                kommunedirektør                                         økonomisjef

Følg oss