Friskliv Ørsta

Friskliv_logo_heimeside.jpgFriskliv Ørsta er ei helseteneste i Ørsta. Friskliv Ørsta har fokus på helsefremjande og førebyggande tiltak retta mot alle barn og unge, samt dei eldre i Ørsta. Gjennom primærførebyggande tiltak retta ut til barnehagar og skular ynsker Friskliv Ørsta å nå ut til barn og unge og spreie positiv informasjon om friskliv, helse og gode levevanar. I tillegg til primærførebygging tilbyr Friskliv Ørsta individuell oppfølging til både barn/familiar og vaksne, med støtte til å endre vanar knytt til helse, fysisk aktivitet og/eller kosthald. Til eldre tilbyr Friskliv Ørsta treningsgruppe «Sterk og stødig», som har oppstart våren 2022. Les meir om Sterk og stødig her.

Ein kan ta direkte kontakt med Friskliv Ørsta, eller bli henvist frå helsestasjon eller lege. Ta kontakt via telefon, e-post eller gjennom facebooksida til Friskliv Ørsta.

Tenesta er gratis.

Tenesta vert driven i nært samarbeid med både helsestasjonen, fysioterapi- og ergoterapitenesta i Ørsta, samt folkehelsekoordinator. Frisklivssentralen er organisert i Eining for Ergo, fysio og Friskliv, med lokale på Velferdshuset i Dalevegen 24.

Kontakt

Frisklivsrettleiaren er Karen Øie, som i tillegg arbeidar med kvardagsrehabiliteringstemet i Ørsta kommune.

Ønskjer du å følgje med på oppdateringar knytt til Friskliv Ørsta, kan du like facebooksida deira. 
Mailadresse: friskliv@orsta.kommune.no

Tlf: 901 187 60

Kontakt

Karen Øie spesialfysioterapeut/frisklivsrettleiar
90118760
@ Karen Øie
Ragnhild Svensli avdelingsleiar ergo, fysio og friskliv
48997922
@ Ragnhild Svensli