Heimehjelp/praktisk bistand satsar

Heimehjelp/praktisk bistand er ei betalingsteneste, der satsen vert vedteke av Ørsta kommunestyre.

Pris

 InntektsgrunnlagPris pr. mnd 2024
0-2 GInntil kr 237 240kr 230*
2 -3 Gkr 237 241 til kr 355 860kr 1 555
3 -4 Gkr 355 861 til kr 474 480kr 1 945
4 -5 Gkr 474 481 til kr 593 100kr 2 335
>5 Gkr 593 101 og overkr 2 635
 Timesats for enkelttimarkr 445

*Fastsett i sentral forskrift og kan bli endra.

1G = 118 620,- frå 01.05.23. 

Abonnement

Etter eiga forskrift skal alle med inntekt under 2G betale maksimalt kroner 230,- per mnd. Brukarar som mottek tenester som medfører eigenbetaling som er høgare enn øvre tak i si inntekstgruppe, skal betale fast abonnement som vist i tabellen.

Dei som ikkje nyttar avtala hjelpeordning ein månad, får fritak for betaling den aktuelle månaden. Abonnementet går elles som avtala, sjølv om brukaren i einskilde månader ikkje gjer seg nytte av tiltaket fullt ut.

Timebetaling

Timesatsen for hjelp i heimen er sett til kroner 445.-

Betaling etter timesats gjeld for :

  • kortvarige eller tilfeldige avtalar/vedtak om praktisk hjelp
  • faste/varige avtalar med tal på timar som medfører månadsbetaling som er mindre enn abonnementbetalinga for si inntektsgruppe (sjå tabell)
     

Betalingsvanskar

Brukarar av hjelpeordninga som grunna lav inntekt eller store utgifter har vanskar med å sikre eige livsopphald, kan i særlege tilhøve søkje om redusert betaling/fritak for eigenbetalinga.