Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Kranselag for sentrumsskulen

Bildet viser personar i hjelm og refleksvestar som blir vist rundt inne i bygget. - Klikk for stort bilete Ingvild Marie Taraldset

Det har skjedd mykje sidan det fyrste spadetaket i februar; eit stort, flott bygg har reist seg og i går, onsdag 23. aug, var det omvising og kranselag for å feire at bygget er tett.

Tilstade var prosjektleiar Frode Frøyen frå PEAB K. Nordang, prosjektleiar Frank Flusund frå kommunen, ordføraren, kommunedirektøren og mange fleire representantar frå kommunen og PEAB K. Nordang.

Denne veka vert golv ferdig støypt. Alle golv er utstyrt med varmerør slik at det skal bli lunt og godt innemiljø. Når golv er ferdige vert innerveggar montert og vi kan ta av skråstiva framfor vindauga, fortel Frode Frøyen.

Prosjektleiar Frank Flusund ga honnør til entreprenør for ein fantastisk gjennomført jobb så langt. Ei god planlegging før kommunen inngitt kontrakt med entreprenør har vore svært gunstig. Det viser også økonomien i prosjektet for oss som byggeherre. Men han presiserte at vi har mykje igjen før bygget står klar til bruk ved skulestart i august 2024. 

Ordførar Stein Aam takka arbeidarane som står på. Han stiller samtidig spørsmål til entreprenøren om støy frå vegen vil være eitt problem. Tilbakemeldinga var at det ikkje blir noko problem fordi det mellom anna er lagt inn ekstra glas i vinduaga og det blir sett opp støyskjermar langs vegen. Det blei forsikra om at støydempingstiltaka vil gi betre støydemping enn kravet tilseie.

Følg oss