Fyrste «spadetak» for sentrumsskulen 5–7

Bildet viser ordføraren som sit i ei gravemaskin og representantar frå elevrådet, skuleleiinga og kommunen som står framfor. - Klikk for stort bilete Ingvild Marie Taraldset

Måndags føremiddag var representantar frå elevrådet, skuleleiinga, PEAB K. Nordang og kommunen tilstades for det fyrste spadetaket for nyebygget til Velle skule.

Ordføraren tok førarsete i gravemaskina, men det er PEAB K. Nordang som skal bygge skulen som skal ha plass til 312 elevar og 43 tilsette frå Velle skule og Vikemarka skule. I januar vart det siste huset som stod på tomta rive og no startar byggeprosessen. Om alt går etter planen står skulen ferdig på seinsommaren, skulestart 2024.

Området er avstengt, men elevane er blitt lova synfaring innimellom når det blir tilrettelagt for det. Elevane fortalte at dei gledar seg veldig til ny skule. Ordførar Stein Aam gledar seg også, og legg vekt på at dette skulebygget er sårt tiltrengt. Til no har plassmangelen på Velle og i sentrum vore eit stort problem. Difor er det veldig viktig for sentrumselevane å få dette på plass.

Les meir om prosessen til sentrumsskulen:
01.12.2022 Signering av totalentreprisekontakt for ny sentrumskulen
28.06.2022 Signerte samspelkontrakt for fyrste fase for ny sentrumsskule ved Velle skule

Bilde viser ei gravemaskin som står på byggeplassen på Velle. - Klikk for stort bileteHer blir det ein ny, flott skulen. Ingvild Marie Taraldset Bilde viser ein oppteikna illustrasjon av skulen frå sør. - Klikk for stort bileteTegningane av skulen. Sporstøl arkitekter Ingvild Marie Taraldset

Følg oss