Kranselag for nye Sæbø barnehage og skule

Frank Flusund (prosjekt- / byggeleiing), ordførar Stein Aam og prosjektleiar Camilla Callsen. ØK / Ingvild Marie Taraldset

   

 

I går, 25. januar, var det kranselag for nye Sæbø barnehage og skule.

Taket har vert tett ei stund, men no var golvet støypt og det passa bra med ein kranseskål med omvising. Trass mykje nedbør og vind er arbeidet i rute og bygget skal stå ferdig 15. september i år. Tilstade var prosjektleiar Camilla Callsen og medarbeidarar frå K. Nordang, samt representantar frå kommunen og tilsette i Sæbø skule og barnehage.

Sæbø barnehage og skule var finalist i Klimasnuprisen for sin miljøvennlige konstruksjon i massivtre. – Det er eit historisk bygg, seier ordførar Stein Aam. Ei storsatsing for Sæbø og det fyrste bygget i massivtre i kommunen. Det er absolutt ein inspirasjon for andre prosjekt i kommunen.

 

Omvising

På omvisinga fekk vi sjå bærande konstruksjonar av tre, flotte lokaler med store vindauger. Bygget er oppført i massivtre og konstruert og skrudd saman slik at det skal tåle kreftene frå fonnvind ved eit 5000 års snøskred. Alle veggar, etasjeskilje og tak er av solide krysslaminatskiver som gjer at heile bygget er ein solid treklosse som ikkje skal kollapse når naturkreftene slår til. Nokre av veggane må dei kle, bl.a for å få inn det elektriske, men det vil også vere mykje tremateriale og somme stadar vil massivtre konstruksjonen vere synleg. Les meir om bygget og miljøfordelane frå då Ørsta kommune hadde besøk av statsforvaltaren i samanheng med Klimasnuprisen. Etter omvisninga vart det kake, brus og kaffi.

 

Massivtre gjev godt inneklima. ØK / Ingvild Marie Taraldset

      

 

I fyrste etasje vil barnehagen ligge, samt spesialrom og klasserom som sløyd og kjøkken til skulen. Andre etasje vil bestå mest av klasserom. Det gamle barneskulebygget (paviljongbygget) skal byggast om til administrasjonsbygg for alle tilsette for skule og barnehagen og skal stå ferdig mars 2023. Barnehagen gledar seg til å flytte inn i det nye bygget, da det m.m. er litt trangt der dei er no.

 

Nokre av klasseromma i andre etasje har flott utsikt mot slogen. ØK / Ingvild Marie Taraldset

  

 

Viktig for Sæbø

Pengane som har blitt investert i dette prosjektet er absolutt verdt det. Stein Aam sei at vi ser det er bustadutvikling på Sæbø, samt at Hotel Union Øye byggjer ut og skapar nye arbeidsplassar. Då er ny skule og barnehage viktig.

Kommunedirketør Wenche Solheim er einige og er òg oppteken av å inkludere t.d. ungdomsskuleelevane på Sæbø til å kome og sjå på anleggsarbeidet.

– Det handlar om rekruttering til bygg- og anleggsbransjen. Som òg er viktig for rekrutteringa til Ørsta vidaregåande skule, seier Solheim.

– Målet er å få dette til, seier prosjektleiar Camilla Callsen, men grunna koronasituasjonen må dette avvente.

Fleire bilder:

  

Følg oss