Klimasnuprisen Frank Flusund og ordførar Stein Aam. Ørsta kommune / Elisabeth Bjørdal Sæbønes Ørsta kommune og nye Sæbø skule og barnehage er tildelt kunst, diplom og blomster for nominasjon og finalist i KLIMASNUprisen 2021. KLIMASNUprisen som blir delt ut av Stasforvaltaren, er med til å påverke kommunar og næring til å tenke over i meir klimavennlege løysingar som gir minst mogleg CO₂ utslepp. Ørsta kommune var nominert ilag med 3 andre. Prisen gjekk til Urban gartneren frå Molde. Ørsta kommune fekk i desember besøk av statsforvaltaren som var innom rådhuset og den nye skulen på Sæbø. Les om besøket her. Sæbø skule og barnehage blir bygd i massivtre. Utrekningar viser at ein har spart miljøet for utslepp av 185 tonn CO2 ved å bygge i massivtre på Sæbø, kontra eit standard skulebygg av same storleik. Medan tradisjonelle bygg er ikkje-pustande, har betre evne til både å ta opp og gje frå seg vassdamp. Dette balanserer innelufta slik at ein ikkje berre er avhengig av ventilasjonssystema. I tillegg tyder fleire undersøkingar på at synleg tre verkar positivt både på trivsel, konsentrasjon og stressnivå. Relevante artiklar på Statsforvaltaren Møre og Romsdal sin heimeside: Skule for framtida Prisutdelinga Les meir om KLIMASNUprisen Publisert 20.01.2022 13:54 Sist endra 20.01.2022 13:55