Sjølve folkerøystinga vert gjennomført torsdag 19. mai 2016. Dersom du ikkje har høve til å røyste denne dagen, kan du røyste på førehand. Alle som har fylt, eller som fyller, 16 år i løpet av 2016 og som står oppført i manntalet har røysterett.
Førehandsrøysting i Ørsta kommune skal haldast ved servicekontoret på rådhuset i kontortida, måndag - fredag frå kl. 08:00 - 15:30 frå og med fredag 29. april til og med fredag 13. mai. - Husk legitimasjon.
Brevrøysting. Dei som oppheld seg utanfor kommunen både på valdagen og under førehandsrøystinga, kan brevrøyste. Framgangsmåte for slik røysting finn du her.
Røystesetel for Ørta kommune Du må vere registrert i manntalet i Ørsta for å kunne røyste.
Frist for å søkje valstyret om ambulerande førehandsrøysting for personar som ikkje kan forlate bustaden sin er sett til onsdag 11. mai kl 12.00.