Røystestadar og røystetider på folkerøystingsdagen 19. mai.

Røysteavlukke.jpg

Sjølve folkerøystinga vert gjennomført torsdag 19. mai 2016.  Alle som har fylt, eller som fyller, 16 år i løpet av 2016 og som står oppført i manntalet har røysterett. 

 I Ørsta kommune er det høve til å røyste på følgjande stader:

Sentrum krins                         Ørsta bedehus                       kl 09.00 – 21.00

Hovden krins                          Hovden skule                         kl 09.00 – 20.00

Dalane krins                           Dalane skule                          kl 13.00 – 20.00

Vartdal krins                           Vartdal skule                          kl 13.00 – 20.00

Sæbø krins                            Sæbø skule                            kl 13.00 – 20.00

Bjørke krins                            Forsamlingshuset Haukly      kl 13.00 – 18.00

Hugs å ta med legitimasjon

 

Førehandsrøystinga fram til røystedagen.

Fram til 13. mai er det framleis høve til å førehandsrøyste på rådhuset til desse tidene:

måndag – fredag                                                    frå kl 08.00 til kl 15.30

laurdag 7. mai                                                         frå kl 10.00 til kl 14.00

torsdag 12. mai                                                       frå kl 08.00 til kl 18.00

Hugs å ta med legitimasjon. 

 Framgangsmåte for brevrøysting finn du her. 

Røystesetel for Ørta kommune

Følg oss