Fonnvernet: Signering av ny kontrakt

Bak fv: Jo Stian Tverberg, Eldar Øye, Ulf Kristian Rognstad. Cato Aurstad og Stein Aam.

Aurstad Tunnel AS og Ørsta kommune signerte i dag avtalen for ferdigstillinga av fonnvernet ovanfor Vallabøen. Arbeidet med skredsikringa har stått stille sidan før jul, men det har starta opp igjen i dag. Over halvparten av arbeidet er allereie gjort, no står det att å bygge voll over elva og avslutning i aust, samt intervegar, naudsynt sikring og tilstelning. Ny dato for ferdigstilling vert 5. juli 2019.

Førre artikkel i denne saka 

Ordførar Stein Aam signerte kontrakta saman med driftsdirektør Cato Aurstad frå Aurstad Tunnel AS:

Eg er glad for at vi no har fått på plass ei løysning som sikrar at fonnvernet vert ferdigstilt snarast mogleg. Det er også veldig gledeleg at det er ein lokal entreprenør som tek arbeidet.


Den nye avtalen

Bakgrunnen for avtalen var at konkursboet, etter forhandlingar om vilkår, har valt å overdrage kontrakta til Aurstad Tunnel AS. Regelverket for offentlege innkjøp gir løyve til å gjere endringar som ikkje er vesentlege, utan å halde ny konkurranse. Den store fordelen for Ørsta kommune er at Aurstad Tunnel AS tek ansvar for heile tiltaket, også det som allereie er utført av K A Aurstad AS før konkursen. Utan denne løysinga ville kommunen måtte ta på seg ansvaret sjølve. Reint samfunnsøkonomisk gir løysinga stor gevinst, noko som har vore viktig moment for alle partar i prosessen.

Følg oss