Nærmar oss ferdigstilling av fonnvernet

Skredsikringa av Vallabøen har stått stille sidan før jul, som følgje av konkursen til K A Aurstad. Arbeidet starta sommaren 2018 og hadde god framdrift fram til konkursen. Arbeidet er godt over halvvegs ferdig, men det står att å bygge voll over elva og avslutning i aust, samt intervegar, naudsynt sikring og tilstelning.

Før nyttår fekk Ørsta kommune inn bod frå Aurstad Tunnel AS om å ferdigstille arbeidet med fonnvernet, etter oppdrag frå buet og kreditor. No er det klart at buet har akseptert kommunens motkrav og ønskjer å transportere over kontrakten til Aurstad Tunnel AS med heimel i forskrift om offentlig anskaffelser  § 28-1, adgang til å endre kontrakt som følgje av ein konkurs. Kommunen ønskjer å imøtekome bodet og få på plass ein avtale med Aurstad Tunnel AS. Det er ikkje signert noko kontrakt enno, men det vert arbeida med å utforme rammene for avtalen.

Aurstad Tunnel AS vil også raskt fastsette ein ny framdriftsplan med eit foreløpig mål om å ferdigstille før sommarferien.

Følg oss