Arbeidsmiljøprisen 2016 går til Ergo, fysio og friskliv

Arbeidsmiljøprisen2016.jpgVi gratulerer tenesta Ergo, fysio og friskliv med Arbeidsmiljøprisen for 2016! 

Arbeidsmiljøprisen for Ørsta kommune skal delast ut kvart år, og skal ha følgjande målsetjing: 
Verdsetje dei beste helsefremjande tiltaka og prosessane som medverkar til trivsel, godt arbeidsmiljø og høgare nærvær.


Eininga

Ergo, fysio og friskliv viser at eit godt arbeidsmiljø ikkje er eit resultat av ein person sin innsats, men av alle sin innsats, engasjement og trivsel. Eininga kan vise til eit systematisk HMT-arbeid som byggjer på Ørsta kommune sine verdiar, og ei omdømmebygging som kastar glans på heile Ørsta kommune. 

Eininga har fem årsverk, fordelt på seks tilsette. Eininga femner om kommunefysioterapi og ergoterapi, og frå hausten 2016 fekk dei også funksjon som frisklivssentral med frisklivsrettleiar. Eininga har med dette skapt ein ny arena for førebyggjande arbeid i god lagånd og samspel mellom frisklivsrettleiaren, helsestasjonen, kommunepsykologen, folkehelsekoordinatoren og skular og barnehagar. 
 
Eininga femner om brukarar i aldrar  frå 0-100 og har mange ulike oppgåver og samarbeidspartar. Dei utfører oppgåvene sine i nært samarbeid med tilsette på ulike tenesteområde, som skular, barnehagar, helsestasjon og eldreomsorg. Ei oppleving av å føle seg nyttige og gode i møte med innbyggjarane som søkjer hjelp gir kjensle av meistring og glede. 
 

 

Frisklivsapp

Dei sa ja til å ta del på innovasjonscampen 2016, og gruppa sin frisklivsidé om å utvikle ein frisklivsapp vann konkurransen. No er denne ideen i ferd med å verte sett ut i praksis. 
Meir om innovasjonscampen kan du lese her.
 
 

Utvikling

Tenestene Ergo, fysio og friskliv er heile tida i utvikling, og hausten 2016 organiserte dei studietur til København. Seinare fekk dei dele det dei hadde lært med andre tilsette i helse og omsorg i Tankesmia, hausten 2016. 
 
Rausheit er eit stikkord for det denne eininga står for. Dei deler raust med andre og er rause i samspel med samarbeidspartane. Dette gir arbeidsglede, stoltheit og er omdømmebyggjande. 
Ergo fysio og friskliv kan syne til ei rekkje helsefremjande tiltak som har gitt resultat. Dei har arbeidd aktivt med eininga sin HMT-plan, og har god gjennomføringsevne. Dei har utarbeidd sitt eige årshjul, som syner tydeleg oppfølging og gjennomføring, både på tiltak som gjeld arbeidsmiljø, trivsel og fagleg/organisatorisk. Dei gjennomfører utviklingssamtalar kvart år, gjerne gjennomført som ein gåtur. 
 

 

Er der for kvarandre

Eininga har svært lite sjukefråvær. Likevel snakkar dei om kva for haldningar dei ynskjer å ha til fråvær, at dei kan stille opp for kvarandre dersom nokon har ein dårleg dag, eller at det kan leggjast til rette for ein medarbeidar som har ein vond rygg eller har hatt ei dårleg natt. Slik er dei rusta til eit godt IA-arbeid dersom ein medarbeidar skulle verte sjuk og vil trengje medarbeidarane si forståing og tilrettelegging.
 
Ergo, fysio og friskliv har mykje å dele med andre, og det har stor overføringsverdi for resten av organisasjonen. Dei viser at det er lov å vere stolte av faget sitt når dei deler med andre. Dei viser korleis involvering, fleksibilitet og rausheit gir eit godt arbeidsmiljø. 
 
 

Ergo, fysio og friskliv har gløda i 2016! 

Dei viser at evne og vilje til nytenking, gode system og rutinar, og gode planar med gode prosessar og medverknad gir arbeidsglede og godt arbeidsmiljø. Dei viser den gode sirkelen der god omdømmebygging gir meir glede og motivasjon. At eininga gir gode tenester, er handlekraftig og i tillegg tek vare på kvarandre både fagleg og på den menneskelege planet, gjer at trivselen er høg. 
 
Ergo, fysio og friskliv er svært gode ambassadørar for Ørsta kommune. Dei har stått for flotte oppslag med gladmeldingar i Møre-nytt, og skal no i gang med fast helsespalte i avisa, i regi av frisklivsrettleiaren. Dei svarar ja til nye utfordringar i godt samspel med resten av organisasjonen. 
 
Ergo, fysio og friskliv er ein verdig vinnar av arbeidsmiljøprisen for 2016 på kr 10.000 med diplom, og er eit godt føredøme for andre einingar i Ørsta kommune. 
 
Vi gratulerer med prisen!
 
 
 

Følg oss