
Ørsta ungdomsskule sin årlege innovasjonscamp gjekk av stabelen på Ørsta kulturhus i dag.
Her var mange gode bidrag frå engasjerte ungdomar som har arbeid med dette i 3-4 dagar. Juryen gjekk rundt og fekk presentasjon frå alle gruppene, før dei valgte ut tre grupper som fekk presentere seg frå scena. Vinnaren vart gruppe 19 frå klasse 9 B med ein app for frisklivssentralen.

Oppdrag: Korleis kan frisklivssentralen bidra helsefremjande for ungdom.

Publisert 06.10.2016 20:30