Veke 7: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 14.02.23 – 21.02.23

  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 1 og 3 på isredning på Hovdevatnet. Alle overflatereddarar skulle gjennom to senario. Redde ein person opp frå hol i isen med bruk av redningsbrett og sjølvredding med ispiggar. 
  • 13:00 Torsdag ettermiddag rykte vaktlag 3 ut til automatisk brannalarm frå Ørsta ungdomsskule.  Røykdetektor utløyst, sansynlegvis smugrøyking som er årsak til utløyst alarm. Brannvesenet bistod med kontroll og tilbakestilling av alarm.
  • 09:00 – 15:30 Fredag hadde personell frå luftambulasen førstehjelpsopplæring med nye brannkonstablar frå Ørsta, Vartdal, Sæbø og Vanylven. Alle brannkonstablar i Ørsta kommune har opplæring som akutthjelparar.  Med dette aukar vi kunnskapsnivået vort og har ei betre føresetnad til å bistå med helseoppgåver på skadestad og med alvorleg sjuke pasientar. Eit viktig tiltak for å kunne gi helsehjelp tidleg. Samtidig gir kunnskapen brannkonstablane tryggleik når dei kjem opp i krevjande situasjonar med kritiskskadde og/eller sjuke pasientar.
  • 16:00 – 17:30 Fredag ettermiddag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Brann- og redningsvesenet rykker jamleg ut til trafikkulukker. Brann- og redningsvesenet er i den samanheng redningsressursen som skal sikre kjøretøya mot brann og evt. Frigjer personar som er fastklemde. Vi er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannkonstablane går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.
  • 09:00 – 11:00 Måndag førmiddag hadde brannvesenet brannvernopplæring med vaksenopplæringa. Her fekk alle informasjon om brannforebygging og slokke brann med brannslokkingsapparat og brannteppe. Totalt var det 48 personar som deltok på opplæringa, herunder 28 frå Ukraina. Takk for at vi fekk komme!
Bildet viser ein person som sløkkjer ein liten brann på ein palle med eit brannsløkkjar-apparat. - Klikk for stort bileteBilde frå brannvernopplæring med vaksenopplæringa. Ørsta brann og redning.