Veke 6: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 07.02.23 – 14.02.23

  • 06:08 Onsdag morgon rykte brannkonstablane ved Vartdal brannstasjon ut til trafikkulukke på Masdal.  Hengaren på lastebilen var blåst over ende. Brannkonstablane fekk kutta laust hengaren og dratt den ut av vegbana. Lastebilen vart køyrd frå staden.
  • 12:43 Onsdag ettermiddag rykte vaktlag 2 ut med stigebil til Hjørundfjordheimen for å ta ned nokre beslag som hadde løsna i vinden. Beslaga vart teke ned og lagt i le for vinden.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 2 og 4 på isredning på Hovdevatnet. Alle overflatereddarar skulle gjennom to senario. Redde ein person opp frå hol i isen med bruk av redningsbrett og sjølvredding med ispiggar. 
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde konstablane på Vartdal brannstasjon på vassføring og røykdykking. I Ørsta har vi tre stasjonar med røykdykkerteneste. Eit bustadhus vi har fått lånt vart fylt med røyk og røykdykkarane måtte søke gjennom det for å finne dei sakna. Det var samtidig øvd på vassforsyning frå hydrant og kum.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på trafikkulukke. Brann- og redningsvesenet rykker jamleg ut til trafikkulukker. Brann- og redningsvesenet er i den samanheng redningsressursen som skal sikre kjøretøya mot brann og evt. Frigjer personar som er fastklemde. Vi er derfor utstyrt med ein rekkje frigjeringsutstyr for å sikre at ein har noko for ein kvar situasjon. Brannkonstablane går derfor jamleg gjennom dette utstyret for å vere trygge på bruken av det.
  • 02:05 Natt til søndag rykte vaktlag 3 ut til gasslukt frå kjøkken. På veg ut kjem det fram at det dreier seg om ei hending i ei anna kommune med lik vegadresse. Vaktlaget returnerar.
  • 16:54 Måndag ettermiddag rykker vaktlag 3 ut til brann i bygning i Ørsta sentrum. Det er røykutvikling i bustad. Røykdykkarar vert sendt inn. Det kjem raskt fram at det er ei tørkoking. Røykdykkarane tek ut pannene og kontrollerar med varmekamer. Bebuar vert teke hand om av helse medan røykdykkarane ventilerar bustaden.
Øving på isredning. Ørsta brann og redning Bilde frå lastbilhengar velt. Ørsta brann og redning Røykutvikling forårsaka av tørrkoking. Ørsta brann og redning Øving: røykdykking. Ørsta brann og rening