Veke 52: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 26.12.23 – 02.01.24

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med stigebilen. Brannvesenet er ute på mange oppdrag der ein er avhengig av å komme til på vanskelege stadar på ein trygg måte. Enten det er for å hente person opp frå sjøen, eit barn ned frå eit tred, komme til frå utsida på ei høgblokk eller for å skjære hål i ein takkonstruksjon for å ventilere røykgassar ved ein husbrann. Då er det svært godt å ha ein trygg platform å stå i eller sikre seg til om det ein står på skulle kollapse. 
  • 18:15 Fredag rykte vaktlag 4 ut til restverdiredning i hytte ved Høgebrua etter vasslekkasje. Brannvesenet fikk stengt av vatnet og fikk ut vatnet frå golvet. Arbeidet gikk i å sikre inventar mot ytterlegare vasskader, suge opp vatn og riving av golv.
  • 04:54 rykte ØBR ut til tryggleiksalarm ved privat adresse.