Veke 48: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 28.11.23 – 05.12.23

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 4 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på pipebrann og bruk av stige. Ein pipebrann er ein ukontrollert brann uforbrent materiale i røykløpet som kan gi svært høge temperaturar. Som følge av dei høge temperaturane er det høg sannsynligheit for brannsmitte til bygninga. Brannkonstablane må kjenne til orsakane, svakheitene og korleis ein handterar dei.
  • 06:32 Laurdag morgon rykte brannkonstablane på Vartdal ut for kontroll av branntippløp i eit sikringsskap i ein privatbustad på Vartdal. Brannvesenet kontrollerte sikringsskapet med varmekamera. Huseigar var bedt kontakte elektrikkar og forsikringsselskap for vidare vurdering og reperasjon.
  • 20:00 Søndag rykte dronegruppa ut til søk etter sakna person i Volda. Pilotane fikk letta drona og lokalisert personen. Personen vart samstundes funne i god behald av leitepersonell på bakken.
  • 17:54 Måndag rykte vaktlag 4 ut til Automatisk brannalarm frå industriverksemd. På staden kom det raskt fram at orsaken var røyk og oljelekkasje frå kompressor. Brannvesenet kontrollerte og bistod med utlufting av bygget.
  • 18:00 – 20:00 Måndag hadde brannvesenet oppsamlingsøving for røykdykking der dei som ikkje hadde møtt på nok røykdykkerøvingar fikk gjennomført ei for å stette kompetansekravet for 2023.