Veke 47: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 21.11.23 – 28.11.23

  • 18:00 – 20:00 Tysdag øvde brannkonstablane på Sæbø på brann i Sæbø skule og barnehage. Ei klasse var sakna og det var røyklagt ein del i 2.etg. Dei måtte vurdere angrepsveg, vassforsyning og søke etter sakna.
  • 19:41 Tysdag kveld gjekk det fullalarm til brannstasjon i Ørsta. Melding om brann i bygning i Ørsta sentrum.  Alle i husstanden var komt ut, mykje røyk i bygget og brann i kjellaren. Røykdykkarar gjekk inn og sløkte brannen medan eit anna røykdykkarlag gjekk gjennom resten av bygget og kontrollerte at alle var ute. Slokkinga krevde riving av veggar i brannrommet. Mykje røyk i heile bustaden som mått luftast ut til slutt. Bebuarar vart plassert i anna bygg for natta.
  • 14:43 Torsdag rykte vaktlag 2 ut til trafikkulykke på FV 653. To bilar hadde frontkollidert. Brannvesenet sperra vegen og sikra skadestad mot brann medan Politiet dokumenterte hendinga. Begge køyretøya var gjort straumlause for å minse sannsynlegheita for brann. Brannkonstablane rydda eine køyrebana slik at denne kunne opnast. Politiet tok over dirigering til bilbergar var på staden.  
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving på pipebrann og bruk av stige. Ein pipebrann er ein ukontrollert brann uforbrent materiale i røykløpet som kan gi svært høge temperaturar. Som følge av dei høge temperaturane er det høg sannsynligheit for brannsmitte til bygninga. Brannkonstablane må kjenne til orsakane, svakheitene og korleis ein handterar dei.
  • 09:58 Laurdag rykte vaktlag 3 ut til trafikkulukke i Hovdebygda. Einsleg bil hadde glid ut i grøfta og havna på sida. Brannvesenet stengde vegen, tok i vare den forulukka og sikra køyretøyet. Det vart etter dette rekverert strøbil. Bilen var vippa på hjula igjen og slept ut av vegen. Den forulukka var sjekka ut av helsepersonell.