Veke 46: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 14.11.23 – 21.11.23

  • 18:00 – 20:00 Tysdag hadde røykdykkarar i Ørsta brann og redning fysisk test. Røykdykkarane måtte gjennom ei standarisert løype med pusteluft på. Løypa omfattar blant anna bæring av slangar og brannpumpe, draging av slange, gange i stige, slep av dukke, bæring og oppsetting av stige, med meir. Testen skal sjå til at røykdykkarane har den fysiske kapasiteten som skal til for å utføre arbeidet sitt som røykdykkar.
  • 07:49 Onsdag rykte vaktlag 1 ut til bilbrann i Rystefeltet. Ein bil sto i brann på busslomme i rystefeltet. Sjåfør på bilen hadde komt seg ut og meldt frå til brannvesenet. Bilen var overtent når brannvesenet kom. Vegen vart stengt og røykdykkarar slokka brannen.
  • 17:40 Onsdag rykte vaktlag 1 ut til trafikkulukke ved Eiksundsambandet. På staden kjem det fram at to bilar har kollidert. Brannkonstablane sikra mot brann, rydda vegbana og dirigerte trafikk.
  • 18:00 – 20:00 øvde vaktlag 1 og 4 på traikkulykke. Fokuset for øvinga var frigjering av fastklemde personar. 
  • 13:24 Torsdag rykte vaktlag 1 ut til trafikkulykke i flyplasskrysset på E39. Ulukka var ein kollisjon mellom ein lastebil og ein personbil. Dei involverte vart sjekka ut av helsepersonell. Brannkonstablane sikra køyretøya, rydda vegbana og dirigerte trafikk.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde brannkonstablane på Vartdal på pumping av slokkevatn. Fokuset for øvinga var pumping av vatn over eit lengre strekke med fleire pumper i rekke. Her måtte det reknast ut trykktap for å finne ideell plassering av pumpe 2. 
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 2 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med tauredningsutstyret. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.
  • Laurdag deltok Bjørnis på 140års feiringa av Ørsta kommune i Ørstahallen.
  • 17:23 Laurdag rykte vaktlag 2 ut til pipebrann i Nupen. Brannkonstablane gjekk gjennom heile bygget og lukka alle sluser og dekte til koplingar før røykdykkarar på taket slokka brannen med feiegranat og slokkepulver. 
  • 13:01 Måndag rykte vaktlag 2 ut til trafikkulukke på E39 ved avkøyrsla til Industrivegen. Kollisjon mellom to bilar.  Trafikken var stoppa og bilan var sikra mot brann. Køyretøya var gjort straumlause og slept ut av vegbana. Brannkonstablane rydda vegbana og ivaretok dei involverte til ambulansen kom.