Veke 45: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 07.11.23 – 14.11.23
 

  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 1 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med tauredningsutstyret. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.
  • 13:59 Laurdag ettermiddag rykte innsatsleiarvakt ut for å kontrollere bål ved gapahuk ved Hovdevatnet. Forbipasserande hadde oppdaga bål som ikkje var tilstrekkeleg sløkt. 
  • 10:00 – 16:00 var Ørsta brann og redning med på stand om Eigenberedskap på Alti Ørsta. Her vart det informert om kva ein bør ha heime for å klare seg i ei krise. Viktig informasjon for at dei fleste skal klare seg slik at naudetatane og kommunen får konsentrere seg om dei mest sårbare. www.Sikkerhverdag.no.
  • 19:22 Laurdag kveld rykte vaktlag 4 ut til bil som hadde kollidert med husvegg.
  • 11:32 Søndag føremiddag rykte vaktlag 4 ut til automatisk brannalarm frå legesenteret. På staden var alarmen lokalisert til ei leiligheit. Orsak til alarm var røyk frå svidde rundstykker. Brann bistod med utlufting og tilbakestilling.