Veke 42: Nytt frå brannvakta


Brann- og redningsloggen 17.10.23 – 24.10.23

  • 08:40 Tysdag rykte W0.1 ut med dronepilot til Liadal for å sjekke ut mistanke om at elv hadde skifta løp i bakkant av bustadhus. Huseigar hadde hørt ei buldring etterfølgt av at lyden frå elva hadde endra lyd og var redd for at vatnet skulle ta nye vegar ned til bebyggelsen.  Elva var søkt i heile si lengde utan at det var oppdaga noko unormalt.
  • 18:00 – 20:00 tysdag øvde brannkonstablane på Sæbø på pipebrann. Fokuset for øvinga var sikker oppsetting og sikring av stige som tilkomst til røykkanalen på tak.
  • 18:00 – 20:00 Onsdag øvde vaktlag 2 og 3 på Møre Folkehøgskule. Alarmen gjekk og elevane evakuerte bygget, gjennomførte opptelling og møtte brannvesenet med informasjon. Det var iverksett søk etter fire sakna. Røykdykkarane søkte gjennom bygget og gjorde fire funn. Godt gjennomført og nyttig øving for brannvesenet og skulen.
  • 18:00 – 20:00 Torsdag øvde kjemikaliedykkarane saman med Vartdal brannstasjon på kjemikalieulykke ved Vartdal fryseri. Ved hendingar med utslepp av farlege stoff har Ørsta eigne kjemikaliedykkarar som rykker ut. Dei har spesialdrakter for dykking i farlege stoff. I eit fryseanlegg er det ofte nytta ammoniakk som kjølemedium. Eit stoff som er svært farleg og svært kaldt i gassform.
  • 16:00 – 17:30 Fredag hadde vaktlag 3 kontroll av utstyr og bilar, samt øving med tauredningsutstyret. Brannvesenet er ut på mange type hendingar der høgde er ein faktor. Enten ein stå på eit tak og sløkkjer ein brann, vert utkalla på fallulukke eller utforkøyring. For å ivareta eigen sikkerheit og å sikre andre er brannkonstablane avhengig av å ha god kunskap om bruk av tausikringsutstyr.